Sportsplan fotball
Her finn du sportsplanen til fotballgruppa i Nordre Holsnøy IL
Sportsplanen kort fortalt
Fotballgruppa i Nordre Holsnøy IL skal:
- Gi eit tilbod til alle som har lyst til å spele fotball
- Gi alle moglegheit til å utvikle seg i eigen klubb
- Fokusere på sosial og fotball messig utvikling
- Vere ein organisasjon som er prega av trivsel, glede og fellesskap
- Bidra til å skape gode haldningar hos barn og unge, påverke til å ta ansvar overfor seg sjølve og andre i og utanfor fotballmiljøet
- Vere ein leiande klubb innan ”Fair Play”
- Vere ein klubb alle er stolte av å vere ein del av
Sportsplanen gir enkle og tydelege retningslinjer som skal gi felles rammer for barne‐ og ungdomsarbeidet i fotballgruppa til Nordre Holsnøy IL. Planen skal vere eit oppslagsverk og styringsverktøy for trenarar, lagleiarar, foreldre/føresette og spelarar i Nordre Holsnøy, og er forma etter retningslinjer frå Noregs Fotballforbund og dei verdiane Nordre Holsnøy IL står for.
Leiar i fotballstyret har det hovudansvaret for evaluering, revidering og for å følgje opp sportsplanen.
Der denne planen ikkje er tydeleg nok og ein ikkje finn svar, skal ein ta kontakt med leiar om råd og tolking. I Nordre Holsnøy er det låg terskel for å legge saker fram for leiar eller styret i fotballgruppa.
Du finn sportsplanen til fotball her.