Stitilrettelegging på Eldsfjellet – fase 1 er fullført, salet held fram!

Nordre Holsnøy IL og Alver kommune har no fullført første del av prosjektet for stitilrettelegging på Eldsfjellet. Tretrapper og forsterking av underlaget i nedste del av stien er på plass, og turen opp er allereie tryggare for dei hundrevis som legg turen dit kvart år.

Men arbeidet stoppar ikkje her! Vi held fram med sal av trappetrinn og skilt for å finansiere vidareutvikling og vedlikehald av stien i tida framover.

Slik kan du framleis støtte prosjektet:

  • Trappetrinn – privatpersonar: kr 1 000 for namn på eitt trinn
  • Trappetrinn – bedrifter: kr 5 000 for firmanamn på eitt trinn
  • Logo på informasjonsskilt: kr 10 000 (to skilt langs stien)

Alle bidrag går direkte til vidare tilrettelegging og vedlikehald, og kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Bruk NHIL sin VIPPS #692413 (Skilt til trappetrinn – Trappeprosjektet)

Takk til alle som har bidrege så langt – no fortset vi saman!






Vi i Nordre Holsnøy Idrettslag vil rette ein stor takk til alle våre samarbeidspartnere for å få dette prosjektet realisert: 

Alver Kommune, Sparebanken Norge og Olav Thon Stiftelsen.