NHIL har levert høringsinnspel til arealplanen
Postet av Geir Ove Dalland den 14. Des 2025
NHIL – mer enn idrett
Nordre Holsnøy Idrettslag har sendt inn sitt høringsinnspel til Alver kommune sin arealplan.
Vi ber om at Fløksand–Vikebø-vegen blir prioritert som ein føresetnad for vidare utvikling i Vikebø – både for idrett, ungdomstilbod og bustadvekst.
NHIL står klar med tomt, teikningar og lokal mobilisering for ny flerbrukshall. Men utan veg står alt på vent. Vikebø er definert som vekstsenter i kommunen sin samfunnsplan, og då må infrastrukturen følgje med.
Fylkesordførar Jon Askeland har understreka at ny handsaming av trasé kan setje heile prosjektet i fare. NHIL deler denne uroa, og ber kommunen stå ved vedtatt trasé og sikre framdrift.
– Dette handlar ikkje berre om idrett. Det handlar om tryggleik, tilhøyrigheit og framtidstru. NHIL er – som vi seier – mer enn idrett!
NHIL sitt innspel er eitt av over 400 som kom inn i høyringsperioden.
Vi takkar alle som har støtta oss – og held fram med å jobbe for ei trygg og levande framtid på Vikebø.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.