Trygg på trening

Postet av Nordre Holsnøy Idrettslag den 1. Apr 2022

Bilde1.jpg

Onsdag 30.mars stilte både trenere, foreldrekontakter opp og fekk eit kunnskapsrikt foredrag frå Trond Berge Høvik frå Nok. Berge snakkar om kva vi som trygge vaksne skal gjere om vi mistenker at eit barn kan vere utsett for overgrep, og gav oss verktøy til å skape idrettslag og idrettsmiljø som er trygge for alle barn.

Foredraget gav oss som var til stades auka kunnskap om førebygging av seksuelle overgrep og trakassering. Han gav oss innsikt i kva ein skal gjere om ein mistenker at eit barn er utsett og gav verktøy til idrettslaget for å skape eit sikrare og tryggare miljø i klubben.

Målet med foredraget var at vi alle står saman for å trygge ramma best mogleg for vore medlemmer. Trygge vaksne gjev trygge born!

Trygg på trening er eitt av elementa for å vera sertifisert som kvalitetsklubb og det er obligatorisk for alle trenere i klubben.

Vi oppfordrar alle, både trenere, foreldrekontakter, føresette og medlemmer til å sette seg inn i retningslinjer som ligg for klubben

Nyttige lenker og sentrale dokument finn de her:

Retningslinjer for trygge rammer

Klubbhåndboken

Nulltoleranse for seksuell trakassering og overgrep


Her kan ein og lese meir om "Trygg på trening"


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.