Kvalitetsklubb

Postet av Nordre Holsnøy Idrettslag den 14. Mar 2022

Kvalitetsklubb_hovedbilde.jpg

KVALITETSKLUBB

Våren 2022 blei Nordre Holsnøy IL sertifisert som NFF Kvalitetsklubb etter eit års intenst arbeid med prosessen fram mot sertifiseringa. Både Norges Fotballforbund og Norges Handballforbund har med dette sett sitt stempel på at det osar kvalitet av den jobben og aktiviteten som går føre seg ute i Leirdalen. Dette er ei fjør i hatten til alle i Nordre Holsnøy IL!

Kvalitetsklubb er Noregs fotballforbund (NFF) sitt klubbutviklingsprosjekt. Sjølv om det er fotballforbundet som står bak dette prosjektet, har Nordre Holsnøy IL bestemt at dette skal innlemmast i heile klubben.

Gjennom sertifiseringsperioden har vi hatt fire fokusområde:

1. Organisasjon

2. Aktivitet

3. Kompetanse

4. Samfunns- og verdiarbeid.

Organisasjon

Kvalitetsklubbprosjektet er eit system som vil vere retningsgjevande for det meste av utviklingsarbeidet som vert gjort i klubben vår. NFF introduserer kriterium på tre nivå som anerkjenner god kvalitet i klubbane. Dette byggjer vidare på «klubben som sjef»-filosofien, men representerer ein endå større heilskap og ein klar struktur og klare rolleskildringar. Som ein del av dette, er det laga klare rutinar for arbeidet i Nordre Holsnøy. Desse er samla i klubbhandboka.

Aktivitet

Sentralt for fokusområdet aktivitet, er sportsplanen. Sportsplanen er eit verktøy for trenarar og leiarar i klubben. Den er utarbeidd som ei rettleiing for alle som er involvert i både fotball og handball i Nordre Holsnøy, og den er veldig nyttig til bruk i det den daglege aktiviteten på feltet. Sportsplanane er forma etter retningsliner frå NFF, Norges Handballforbund og dei verdiane Nordre Holsnøy står for.

Kompetanse

For å møte krava til sertifiseringa, har vi utdanna mange fleire trenarar, dommarar og leiarar. Dette er viktig for å skape tryggleik for nye trenarar i rollene deira, og er viktig for å sikre kvalitet på fotball og handball aktiviteten. Betre kvalitet på trenarane gir betre trivsel.

Samfunns- og verdiarbeid

'Fair play' er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Nordre Holsnøy er ein samfunnsaktør for barn og unge i Alver kommune, og har difor eit viktig samfunnsansvar. Vi tar dette ansvaret på alvor, og ønsker å bygge gode haldningar og verdiar i tråd med verdigrunnlaget til norsk idrett, til alle medlemmane i klubben. Klubbens verdiar og fair play skal prege all aktivitet i klubben. Gjennom arbeidet med kvalitetsklubb har vi derfor hatt stort fokus på å utarbeide eit felles verdisett som heile klubben kan stille seg bak.

Årleg vil det bli gjennomført årlege obligatoriske seminar kveldar innanfor «Trygg på trening». Årets tema er seksuelle overgrep og trakassering.

Nordre Holsnøy IL blei sertifisert kvalitetsklubb i februar 2022. Her frå utdelinga under Årsmøte, 10. mars 2022. Frå v.: Margunn Bjørnestad (styreleiar, Nordre Holsnøy IL), Svein Ove Skjoldal (Handballeiar), Helge Bjørke (Klubb og leiarutviklar NFF), Elias Askeland, Amund Veland Isdal, Alexander Walde Andersen, Martin Eikeland Fredriksen, Heine Sagstad, Emil Bjørnestad Hopland, Gina Blomberg (varamedlem, NFF Hordaland)), Ørjan Nese (trener), Raymond Hopland (trener) og Geir Ove Dalland (Fotballeiar). Framme frå v.: Mathias Hofland, Ariel Watauwa og Alexander Odland Nese

Utdrag frå NFF Hordaland si omtale av utdelinga:

Klubb og leiarutviklar i NFF Hordaland, Helge Bjørke, har vore rettleiar for Nordre Holsnøy IL i kvalitetsklubbprosessen. Han rosar klubben for det gode og målretta arbeidet som har vore gjort for å oppnå kriteria som stilles for å bli en NFF Kvalitetsklubb.
Et stort tal frivillige, med styret og styreleiar, Margunn Bjørnestad i spissen, har gjort en veldig god jobb for å få dette til, seier Helge Bjørke - Det faktum at dette har vært en lang og omfattande prosess med mange involverte er en styrke for klubben. Nordre Holsnøy IL har i prosessen styrka organisasjonen, etablert tydelege strukturer og planverk og utarbeida ei god klubbhandbok som gjelder hele klubben og viser til eit nybrottsarbeid når en har inkludert hele klubben under Kvalitetsklubb paraplyen. - NFF Hordaland gratulerer Nordre Holsnøy IL med sertifiseringa som NFF Kvalitetsklubb. Vi gleder oss til å følge klubben på vegen videre i åra som kjem!



Svein Ådlandsvik og Helge Rossland, veldig gode bidragsytar klubbens bane- og vedlikehaldskomiteen er klar for kake 😊



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.