Kategori
Arkiv
Planleggingsmøte om strandryddedag 2018
Postet av Nordre Holsnøy Idrettslag den 28. Mar 2018
Hei!
Velkommen til planleggingsmøte om årets strandryddedag. Planleggingsmøte vert torsdag 5.april. Sjølve strandryddedagen vert 5.mai.
På møtet vil vi gå gjennom sjølve organiseringa av dagen og ha innspel frå dykk: gode idear og erfaringar frå i fjor.
I fjor engasjerte mange frivillige organisasjonar, barnehagar og andre frivillige i Meland seg og var med og rydda strender og viker i Meland. Over 200 melandsbuarar var ute og plukka boss.
Målet er at vi skal være minst like mange i år – og at vi skal rydde strendene og vikane i heile Meland!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.