Kategori
Arkiv
Julehelsing
Postet av Nordre Holsnøy Idrettslag den 21. Des 2016
Kjære alle saman i Nordre Holsnøy IL
Me er takknemlig for alle som har vore bidragsytarar for at me kan ta juleferie med godt samvett. Det er mange å takka, og faren er stor for at ein gløymer nokon når ein først startar. Rema 1000 Frekhaug er vår hovudsponsor. Dei er, og har vore, vår viktigaste samarbeidspartnar i næringslivet over mange år. Intersport Frekhaug stiller opp med gode prisar, service og kompetanse. For oss som idrettslag er desse lokale bedriftene vanskeleg å koma utanom når takk skal delast ut.
Meland kommune er også ein viktig støttespelar i drifta av idrettslaget, og me håpar og trur på godt eit samarbeid vidare. Internt i idrettslaget vert det lagt ned mange timar dugnad kvar einaste dag, gjennom heile året. Denne innsatsen er uvurderleg for eit idrettslag som vårt. Fotballgruppa og håndballgruppa gjer ein god innsats i organiseringa av dei to største idrettane våre. Me har også volleyball, trim, og andre mindre aktivitetar i idrettslaget som er med og sørgjer for mangfald og variasjon i aktivitetane me kan tilby. Enkeltarrangement som Tine fotballskule, Eldsfjellturen og fotballskulen med Mons Ivar Mjelde er med å profilera klubben på ein flott måte. Foreldrekontaktane til dei ulike laga gjer ein god jobb med å halda orden internt på kvart einskild lag.
Sjølv om det er farleg å trekka fram nokon spesielt, er det vanskeleg å koma utanom to grupper i idrettslaget. Dei første me vil nemna er bane- og vedlikehaldskomiteen som gjer en fabelaktig jobb gjennom heile året. Bana og klubbhuset i Leirdalen ser stadig heilt nytt ut, og det gjer seg ikkje sjølv. Me høyrer ofte skryt frå representantar frå andre klubbar som har vore på besøk i Leirdalen. Ein del medlemmar av denne komiteen var også tungt inne i arbeidet med å få lagt kunstgras på bana på Vestbygd. Her vart det gjort ein solid jobb som innbyggjarane i Vestbygd krins kjem til å nyta godt av i mange år framover.
Dei som fortener den siste og største takken er trenarane våre. Dei er er sjølve motoren i klubben, og utan deira engasjement hadde me ikkje vore noko som helst. Dei gjer ein fantastisk jobb gjennom heile året. Måtene desse byr på seg sjølv, og investerar av si eiga fritid for å driva aktivitet med barna og ungdommen i idrettslaget er beundringsverdig og heilt naudsynt. Dei etterlever verdiane til klubben,
inkluderande, utvikling, trivsel og tilhørighet på ein god måte. Det er heilt avgjerande for at me skal klara å ta vare på flest mogleg lengst mogleg i vårt idrettslag. Ein stor takk til dei som er på "feltet" kvar veke!
Me ønskjer alle våre medlemmar, foreldrekontaktar, komitèmedlemmar, styremedlemmar, samarbeidspartnarar i næringslivet, kommunen og trenarar ei riktig god jul! Håpar alle får ein roleg og fin julefeiring som gjer krefter til den innsatsen som også trengs i 2017.
Med helsing hovudstyret i Nordre Holsnøy IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.