Inkluderingsansvarleg NHIL

Postet av Nordre Holsnøy Idrettslag den 16. Aug 2016

Inkluderingsansvarleg NHIL

Idrettsrådet ber om at alle idrettslag i Meland utnemner éin eller fleire personar i sitt lag til å vere inkluderingsansvarleg overfor personar / grupper med særlege behov for tilrettelegging av fritidsaktivitet.

Inkluderingsansvarleg person i idrettslag, eit godt tiltak for folkehelsa.

Som de kanskje er kjent med, har Meland idrettsråd ein samarbeidsavtale med Meland kommune.
Avtalen tek sikte på godt samarbeid om idrettspolitiske spørsmål, fordeling av økonomiske midlar,
areal til framtidige idrettsanlegg m.m. og er såleis eit godt tiltak for å sikre idrettens interesser.

Meland idrettsråd (MIR) ønskjer no å bygge vidare på denne avtalen. Vi har i møter med
kommunale etatar, flyktningkontor og andre diskutert korleis idretten kan bidra til å inkludere
personar og grupper som altfor ofte fell utanfor det organiserte idretts­og friluftslivet.
MIR har derfor utnemnt ein inkluderingsansvarleg i sitt styre, og vil hermed «utfordre» alle sine
idrettslag til å gjere det same! Vi har alt no nokre idrettslag som har tatt på seg slik inkludering;
Meland motorsport, Kvernbit med sitt Bånn 
Gass, Nordhordland Padleklubb med sitt lågterskeltilbod.

Tilbakemeldingar frå brukarar og pårørande er heilt eintydig: tilboda er store lyspunkt i deira liv og
blir prioritert framfor nesten alt anna. 

På litt sikt vil dette bety svært mykje for folkehelse, identitetsskaping og andre sosiale kvalitetar
som kjenneteiknar ein god oppvekstkommune.

På kort sikt, og minst like viktig, vil dette bety svært mykje for kvar enkelt person og gruppe som
blir inkludert, dvs tatt med i eit sosialt fellesskap som for andre er sjølvsagt å kunne delta i.

Det er mange år sidan idrett for funksjonsfriske og funksjonshemma vart samorganisert i eit felles
forbund: Norges idrettsforbund og olympiske og paraolympiske
komite. Dette forpliktar våre idrettslag til å arbeide for tilbod til ulike
«særgrupper». Men meir enn ei plikt er dette ein god anledning til å utvikle laga. Det finst mange
støtteordningar til aktivitetstilbod for personar/grupper med nedsett funksjonsevne, flyktningar og
andre, og mykje av dette kjem heile klubben til nytte. 

Korleis komme i gang?

Nordre Holsnøy IL ønskjer og utnemne éin (eller fleire)
personar som vil ta på seg å vere kontaktperson, med mobilnr, mellom sitt lag og aktuelle
«instansar» og enkeltpersonar/pårørande.  Denne personen
blir så meldt inn til idrettsrådet, som deretter vil lage ei liste og sende inn til alle i det kommunale /
interkommunale systemet med kjennskap til personar / grupper med særlege behov.

Evt spørsmål kan stillast til inkluderingsansvarleg i MIR, Audun Håland, mobil 9703 3236 eller
epost: audun@munnhola.no . 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.