Kategori
Arkiv
Inkluderingskontakt - "Eit samfunn for alle"
Postet av Nordre Holsnøy Idrettslag den 11. Apr 2017
«Eit samfunn for alle»
Torsdag 8.juni arrangerer Meland Idrettsråd, Frivilligsentralen og kulturkontoret KICK-OFF arrangement for alle inkluderingskontaktane i kommune vår!
Ein inkluderingskontakt sine oppgåver:
• Kontaktperson: svara på henvendelsar frå dei som ønskjer informasjon om aktiviteten.
• Møta og visa rundt: ta i mot, vise fasilitetar og introdusere vedkomande til i klubben og vise dei rundt første gong dei kjem.
• Introdusera: sørgje for kontakt mellom personar (eller pårørande/ tenester) og den rette personen/trenaren i din organisasjonen – og gjerne til andre slik at ein kjenner nokon.
• Komme med idear: gjerne bringe idear til styret som gjer det lettare for dei som ikkje er med å bli med, og for dei som er nye å trivast og føle seg velkommen.
Les meir i skrivet du finn under "vedlegg".
Håpar dette er noko nettopp du er interessert i! Ta kontakt med Nordre Holsnøy IL på e-post: styret.nhil@gmail.com
Vedlegg:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.